// you’re reading...

Asides

Rådmann i Sogndal frykter for rekruttering: -Trenger stabilitet

-Fryktar forverra rekrutteringssituasjon dersom turnustenesta blir lagt om. Intervju med rådmann i Sogndal

“– Me trur ikkje at rettvis legefordeling vil kunne takast vare på utan sentral styring av nybyrjarstillingar og loddtrekning av tildeling, skriv rådmann i Sogndal Jostein Aanestad i ei fråsegn til helsedirektoratet.

Helsedirektoratet har sendt på høyring eit framlegg til endring i korleis nyutdanna legar blir følgde opp. I det ligg det at ein skal gå over til søknadsbasert opptak til nybyrjarstillingar, noko rådmannen trur vil svekkja søkninga til distrikta.

– Dette vil gje fylket vårt endå større problem enn me alt har med å rekruttera legar. Det er ikkje realistisk å rekna med store nye overføringar til distriktskommunane for å stimulera til distriktsrekruttering, skriv Aanestad.

Styresmaktene føreslår òg å auka turnustenesta i kommunehelsetenesta til 12 månader, men det ser ikkje rådmannen på som tenleg.

– Me treng auka kontinuitet på kommunelegekontora, ikkje fleire legar som vert skifta ut årleg. Me treng fleire legar med høg kompetanse som ikkje er nybyrjarar. I tillegg er rettleiingskapasiteten ikkje tilstrekkeleg til å ta på seg oppgåva, skriv rådmannen.

Utkastet til fråsegn skal opp i formannskapsmøtet i dag, slik at politikarane kan slutta seg til, eventuelt endra på, høyringsuttalen.” Sogn Avis

Discussion

No comments for “Rådmann i Sogndal frykter for rekruttering: -Trenger stabilitet”

Post a comment